Utanriksministrane i Sverige, Finland og Tyrkia har underteikna ein ti-punkts avtale om utlevering av tyrkiske statsborgarar. For president Erdogan handlar det om terroristar. Ordlyden i avtalen tyder på at statsminister Magdalena Andersson no godtar Erdogans terrorisme-omgrep.