Det er mangel på lærarar, særleg i distrikta. Samtidig er det sviktande rekruttering til lærarutdanninga. På 1960-, 1970- og 1980- talet var det om lag 6000 søkjarar til ca. 2000 plassar. I løpet av ca. 50 år har det skjedd mykje i lærarutdanninga og i grunnskolen som har hatt konsekvensar for rekrutteringa.