For første gong på tre år skal eg no tilbake på skulebenken. Sjølv om eg har prøvd å halde livsstilen og pengebruken eg hadde som student, ved like, må eg innrømme at standarden har stige med alderen. Det er skummelt når ein ser at absolutt alt har blitt mykje dyrare sidan sist. I alle fall når eg ser tilbake på kva eg i romslege gamle dagar gjorde for å greie meg.