Etter at Fulgencio Batista tok tilbake makta i Cuba gjennom eit militærkupp i 1952, leia han landet med ein særs undertrykkjande politikk. Motstandsrørsla byrja å jobbe, og 26. juli 1953 planla og utførte juristen Fidel Castro eit angrep på Moncadafortet i Santiago de Cuba.