For naturen er avskoging eit langt større problem enn attgroing.

Avskoging før og no

Somrane rundt 1880 vandra forstmeister Jacob Bøckmann Barth i fjella i Sør-Norge og undrast over naturen. Ved store vatn fanst den beste vekstjorda på solvendte nordsider, men nåle- og lauvskog fanst mest sør for vatna, der sola skein minst og snøen låg lenge. «Dvergbirkens og Vidiernes Region» nord for innsjøane måtte vere «forhen skovbevoxede, nu rent afskovede Strækninger». Menneska med setring, husdyr og annan aktivitet har rasert skogen, skreiv han i tidsskriftet Naturen.

Fokus