Dagboka

Huslære

  • Plutselig har vi alle måttet bli økonomer. Det er helt vanlig å slenge rundt seg med begreper som konsumprisindeks, inflasjonsmål og kjerneinflasjon. Derfor vil jeg slå et slag for å forklare dem godt. Som idéhistoriker får jeg dessuten en sterk trang til å gå tilbake til røttene, altså Store norske leksikon.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Tre

Det er lett å gå rundt i verda utan å få med seg kor spennande ho er. Eg gjekk i mange år rundt utan å tenkje så mykje over alle trea rundt oss. Der eg bur står førti tre på ei høgde, og dei er av typen ask, bøk og eik. Nokre av dei er så store at det er vanskeleg å gripe rundt dei med armane. Ikkje eit einaste eitt av trea liknar på kvarandre, og saman skaper dei ein liten skog som er heim til planter, dyr og sopp som elles ikkje ville ha vore der. Slik som dvergspetten, som berre veg 15 gram, men som likevel kan hakke hol i eit tre akkurat som ein hakkespett. Dei førti trea vart planta i 1814 av statsråd Jonas Collett, svigerfar til den kjente forfattaren Camilla Collett.

Gutane

Etter at Amrit Kaur gjekk av som leiar av Raud ungdom førre veke, er alle ungdomspartileiarane unge menn. Det fell saman med at folket akkurat har valt eit Storting der 12 av dei 169 representantane er menn i alderen 20 til 29 år. Til samanlikning finst det ikkje ei einaste kvinne over 65 på Stortinget, sjølv om det er ei større gruppe i folket enn menn under 30 år. Når ein ser ungdomspartileiardebatten frå Arendalsuka i år, er det som om fjernsynsskjermen dirrar av maskulin energi. Dei er litt høglydte, men eg tykkjer dei er flinke og. At vi må lytte til unge menn har vorte eit slags mantra i samfunnsdebatten, og no har vi ikkje noko anna val. Førre gong alle ungdomspartileiarane var menn var i 1992. Då vart Trond Giske vald til leiar av AUF, og saman med Unge Høgre-leiar Jan Tore Sanner leia han an eit koppel av unge menn som, kledde i dressar med romsleg passform, skulle ta partia inn i den nye tida etter murens fall. Eg er oppvaksen på nittitalet, men eg er ein stor motstandar av heile tiåret. Dette var ikkje berre perioden då ideologiane mista si kraft.

Syn

Noe av det kjekke med å jobbe i en ganske stor avis med betydelig takhøyde internt er at det tiltrekker seg ulike perspektiver. Dermed kan jeg oppleve å få egne ideer utfordret på jevnlig basis og må tenke gjennom ting flere ganger. For eksempel fins det folk på nabokontoret som har et mer … optimistisk syn på verden enn undertegnede. Min kollega Aleksander skrev i gårsdagens avis i denne spalta om hvorfor han ikke er redd for at det kan bli borgerkrig i USA. Han pekte på at det hadde vært betydelig mer uro i landet over dammen på 1960-tallet, med både flere politiske drap og flere opptøyer, enn i dag, og at det hadde jo etter hvert roet seg og ikke endt i et borgerkrigsragnarok. Det har han jo rett i. Men det går an å se den historien fra et litt annet perspektiv også. For eksempel var det jo slik at på 1960-tallet drev det amerikanske statsapparatet aktive kampanjer for undertrykking av politisk opposisjon gjennom overvåking, infiltrering, desinformasjon og direkte voldsbruk, inkludert drap.