SAMTALEN

Eg seier noko til deg her og nå

STREKEN: Teikningar på papir av Jan Groth som no stillast ut på Stavanger kunstmuseum. FOTO: ERIK SÆTER JØRGENSEN

Når verda vert brutal og uføreseieleg og ein sjølv vert full av uro og otte, kan det vera godt å venda seg til nokre grunnleggjande ting. I periodar med alvorleg sjukdom har eg vorte spesielt oppteken av ein serie dikt som har fellestittelen «Elementære oder». Desse dikta av den chilenske diktaren Pablo Neruda handlar om dei heilt enkle og kvardagslege tinga som eple, lauk, ein landsbykino, regn og lukta av ved.