Anne Kari Hinna
To øl er nok
Mange fekk nok kaffien i halsen, om dei fekk med seg Ryanair-sjef Michael O’Leary sitt forslag. Lågprisselskapet har fått nok av fulle flypassasjerar og foreslår maks to alkoholhaldige drikker per reisande på flyplassar. Fulle flypassasjerar er både dyrt og ubehageleg for kabinpersonalet, ifølge E24, som omtalar forslaget.
Ei slik alkoholgrense kan handhevast, foreslår Ryanair, med stempel i boardingkortet. Spesielt på reiser til feriedestinasjonar som Ibiza er for store inntak av alkohol eit problem, ifølge Ryanair. Sjølv om det store fleirtalet nok klarer å oppføra seg, er det nok ingen grunn til å tvila på at det likevel er nok av episodar med ubehageleg fulle passasjerar.
Om forslaget er fornuftig eller ei, får andre meine noko om. Mange vil nok skyta det raskt ned.