På toppen av bustadfeltet som strekk seg oppover foten av Viefjellet i Førde, står det eit høgt gult hus. Det ser litt ut som Villa Villekulla frå eit parallelt univers. Huset har mutert, og det veks nye balkongar ut på alle kantar. På ein hagestol sit den 63 år gamle alternative versjonen av Pippi Langstrømpe og fyrer opp ein sigarett. Ho har ikkje strømper på, men ei dongeribukse lappa saman med eit blomemønstra stoff. Vesten av falskt saueskinn er siste kupp frå klesbytedagen i Førde.
SJØLVFORSYNT