Kva er ein domstol?

For oss i Senterpartiet er framtida til domstolane særleg viktig. Vi er opptekne av tenester nær folk – også rettstenester. Derfor kjempa vi mot at den førre regjeringa med Frps støtte la ned 37 tingrettar og 15 jordskifterettar i fjor. Saman med Ap og SV lova vi at vi skulle gjenopprette domstolar viss det vart regjeringsskifte. Det har vore nok krangling om saka. No må vi sikre domstolane ei føreseieleg og god framtid. Derfor håpar vi og trur at SV står ved lovnadane sine når saka skal behandlast på Stortinget til hausten.

Debatt