Då den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj tala til det norske Stortinget i vår, sa han at i år kom det til å vere mange ukrainske barn i det norske barnetoget på 17. mai. Det fekk han rett i. Presidenten drøymer også om eigne barnetog i den ukrainske hovudstaden Kyiv ved første høve. Vi får håpe det ikkje blir lenge til.