I går, for 208 år sidan, sat det ein yngre husmann og bad om hjelp til å signera Grunnlova han og 111 andre hadde vedteke. Éin ting var at han ikkje kunne skriva, han kunne heller ikkje skriva signaturen sin. (Der sat inga kvinne; ‘likestilling’ var ikkje oppfunne då.) Under signaturen til Even Thorsen står det ‘Med ført Pæn’.
Aldri har det vore skrive så mykje dansk som i åra etter Eidsvoll.