NOTERT

Startar nytt selskap

FOTO: TERJE BENDIKSBY, NTB Terje Bendiksby

Filmskaparane bak den Oscar-nominerte «Verdens verste menneske» takkar for seg i produksjonsselskapet Oslo Pictures. Joachim Trier og Eskil Vogt vil framover utvikla prosjekta sine i sitt eige selskap Don’t Look Now Productions. Spelefilmavdelinga i Oslo Pictures er kraftig desimert etter at produsent Thomas Robsahm gjekk til Nordisk Film tidlegare i år. Også produsentane Andrea Berentsen Ottmar og Dyveke Graver er på veg ut av selskapet, etter at dei har presentert Kristoffer Borglis «Syk pike» i Cannes. GK

Kultur