Melding

Best for dei innvigde

Når så mykje skal med, blir det fort episodisk og fragmentarisk.

SJARMØR: Den botnfalske Nino (Emil Rodrigo Jørgensen) greier å forføre båe venninnene, først Lila (Hanne Mathisen Haga) og seinare Elena (Julia Bache-Wiig). FOTO: KNUT ÅSERUD SJARMØR: Den botnfalske Nino (Emil Rodrigo Jørgensen) greier å forføre båe venninnene, først Lila (Hanne Mathisen Haga) og seinare Elena (Julia Bache-Wiig). FOTO: KNUT ÅSERUD

Hålogaland Teater, Scene Vest

Av: Elena Ferrante.

Dramatisert av: April de Angelis.

Regi: Trine Wiggen.

Scenografi: Ingrid Tønder.

Kostyme: Anette Werenskiold.

Videodesign: Jonatan Sundstrøm.

Komponist: Espen Mauno.

Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen.

Lysdesign: Lauri Lundahl.

Med: Julia Bache-Wiig, Hanne Mathisen Haga, Guri Johnsen, Iver Innset, Emil Rodrigo Jørgensen, mfl.

Elena Ferrantes fire voluminøse band om dei to venninnene Elena Greco og Lila Cerullo har begeistra ei heil verd av lesarar. Elena og Lila veks opp i etterkrigstidas Italia i ein arbeidarbydel i Napoli prega av klassekamp, kvinneundertrykking, sosiale skilnadar og den lokale mafiaen. Vi følgjer dei to jentene frå skulestart i 1952 fram til Lila forsvinn i 2010. Det er ein uvanleg breitt anlagd sosial roman med eit stort og fargerikt persongalleri og der ingrediensane er kjærleik, intrigar, maktkamp, gryande feminisme, klassereiser og ikkje minst eit vennskap som blir sett på store prøver.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Musikk

Creo-medlemmer som har trukket seg fra Øyafes­ti­valen, får støtte fra fagfor­enings­leder Hans Ole Rian.

Bøker

Bokhan­delen i Jerusalem selger bøker med palestinsk perspektiv. En dag troppet fire politimenn opp i lokalet.

På tampen

Det Venezia som høver for bryllaupet til Jeff Bezos, er det virtuelle Venezia i Assassin’s Creed.