Merkelappen ‘surrogat’ er ei skam.

Barn er barn

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS

Dei styrande må gripa inn. Iallfall må likestillingsombodet gripa inn, for det er dei (og naturlegvis Kulturdepartementet, med Språkrådet) som har ansvaret for å slå ned på urimeleg og diskriminerande ordbruk. Surrogatmor og surrogatbarn er etablert norsk, men orda bør lukast ut. Journalistar som har skrive om surrogati i samband med krigen i Ukraina, har ikkje ansvaret for omgrepsbruken, dei har nødvendigvis nytta orda. For å verta forstått. ‘Surrogatbabyer krigsfast i Kyiv’ var overskrift i Dagsavisen 21. mars.

Innenriks