Propaganda og einsretting, det er noko Putin-regimet driv med. Når det gjeld NATO, gjeng visst alt heilt av seg sjølv.

Om einsrettinga

NOKON SOM HAR SPØRSMÅL? Fordømminga av Russlands aggresjon i Ukraina er velgrunna og naudsynt. Men den mediale einsrettinga gjer det no bortimot umogleg å snakke om USA og NATO si eigeninteresse og folkerettsbrot, skriv Jon Hellesnes. FOTO: OLIVIER MATTHYS, AP/NTB Olivier Matthys

Putin-regimets åtakskrig i Ukraina har vekt sterke reaksjonar i Vest-Europa, inkludert Norge. Fordømminga av aggresjonen er velgrunna og unison. Stort sett inneber reaksjonane empati og god moral. Men det finst unntak. Somme syner tydeleg skadefryd ved å peike ut «dei som heile tida tok feil». Refsar-prosaen i den mørkaste delen av sosiale media inkluderer skjellsord som Putin-apologet, Putin-venn, USA-hatar, femtekolonist (altså landssvikar). Det overraskar at representantar for norsk presse på kommentator- og redaktørnivå har lagt seg tett opp til denne uttrykksmåten. Blant dei utskjelte er Tormod Heier. Han er ein kompetent militæranalytikar som alltid formidlar viktige poeng. Ein treng ikkje å vere einig med han for å innsjå at måten han stiller problem på, er gunstig for vidare diskusjon og avklaring. Julie Wilhelmsen leverer gode og nyanserte politiske analysar. Nettopp derfor blir også ho utskjelt.

Kronikk