Å forby «konverteringsterapi» for autistar, kva betyr eigentleg det?

Lyden av fossen

SKOGENS URO: For ein person med sanseforstyrringar kan ein foss utløyse stress og uro – kanskje utan at hen klarer å gje uttrykk for det, skriv Olaug Nilsen. MALERI: VILHELM MELBYE, LAATEFOSSEN I HARDANGER (1863)

I eit sterkt innlegg i Dagsavisen 15. februar i år krev Caroline Nerdal og Veslemøy Krey Stubberud frå organisasjonen Nevromangfold Norge at det skal bli forbode å gje personar med autisme «konverteringsterapi». Eg set «konverteringsterapi» i hermeteikn sjølv om dei ikkje gjer det, og sjølv om eg forstår kva dei meiner med å kalle behandlingsopplegg som EIBI for dette – EIBI står for Early Intensive Behavioral Intervention, og det er retta mot barn mellom null og seks år.

Med andre ord