Frp-teft

  • Vi er mange som aldri ville finne på å undervurdere Frp-leiar Sylvi Listhaug. Tok vi feil? Denne veka kom den smått overraskande nyheita om at spindoktor og Frp-strateg Espen Teigen går av som kommunikasjonssjef i partiet. Teigen var Listhaug si høgre hand då ho sat i regjering, og stod i si tid bak Facebook-innlegget frå Listhaug om at Ap er meir opptekne av terroristar sine rettar enn nasjonens tryggleik. Den gong enda det med at Listhaug måtte gå av som statsråd, men blei møtt av eit blomehav frå tilhengjarane sine. Elska og hata, ingen kom utanom Listhaug.

Dagboka