Politikk
Ei uløyseleg gåte?
«Eg stemmer Venstre, for eg likar så godt Willoch!» fortalde ei dame. Det var før Venstre var blitt høgreparti.
Eg kjem på dette når eg les intervjuet med Tor Jakob Solberg i Småbrukarlaget den 6. januar. Han er redd for at småbrukarar vil stemma Frp til hausten.
Er det nokon som hugsar politikken til landbruksminister Listhaug? Meir marknad, meir effektivitet, større einingar, tettare med dyr i bingane, vekk med kombinasjonsbruk! Dette lengtar altså småbrukarar i Norge tilbake til. Om det ikkje mana fram så dystre utsikter for norsk landbruk og for norske bygdesamfunn, så var eg freista til å seia: Vel bekomme!
Småbønder vil stemma Frp, straumkundar som vil ta straumen av børs, flokkar seg om Høgre, som vil ha meir fri marknad.
Avdøde Einar Førde, dersom det er nokon som hugsar han, tok opp dette fenomenet i den aller siste artikkelen han skreiv. Då handla det om Bush junior og Carl I.
Tore Thorsen