Men har vi lært?

STILLA: Teltleiren ved Nullpunktet der slaget blei tapt, men krigen førebels vunne. FOTO: ASLAK MIKAL MIENNA Aslak Mikal Mienna

Kampen mot utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget for førti år sia var skilsetjande på mange vis. For Sápmi var han ein milepåle i striden for retten til land og vatn og for å bli sett på som ein nasjon. For oss andre fekk han augo våre opp for alle overgrepa som hadde skjedd i århundrar med fornorsking og undertrykkinga av samane. Og i tillegg representerte kampen eit førebels endepunkt for utbygginga og oppdemminga av vassdraga i landet og slik sett ein viktig siger for naturvernet.

Kultur