Landbrukspolitikk 7. okt.
Ærlege tal Talgrunnlaget legg rammene for å berekne inntekter og kostnader totalsett i landbruket som sektor. Konsekvensane av å ikkje få eit talgrunnlag bygd på ærlege tal, er store. Det vil føra til at bruksnedlegginga vil halde fram, og landbruket vil framleis vera ei næring under avvikling.
Ærlege tal handlar kort og godt om å synleggjera det økonomiske behovet i landbruksnæringa, gjennom å rekne med tal som fører til at alle årsverk i næringa vert godtgjort på same vis som årsverka i resten av samfunnet, samt at eigenkapitalen skal kunne gje ei avkastning om lag som den vanlege sparemåten i samfunnet.
Ærlege tal kan samanliknast med det å bake kake. Til det treng du fleire ingrediensar, og ikkje minst stor nok mengde. Dersom du manglar ingrediensar og har for lite mengde, så vert kaka både for liten og mislukka.
«Pengekaka» som vert baka på ærlege tal i talgrunnlaget, må vera rett i forhold til samfunnsoppdraget til næringa. Det er tre viktige ingrediensar i talgrunnlaget som gjer store utslag på kakestørrelsen, nemleg timetal, normering og avkastning på eigenkapital.
Konkret vil det seia at desto høgare timetal pr.
Nils Martin Seim