Trondheimskonferansen, som vart avvikla digitalt 29. januar, hadde både likelønn og sekstimarsdag på saklista. Forbundsleiar Mimi Kvisvik i Fellesorganisasjonen etterlyste i si innleiing ein treffsikker likelønnsmodell, på same tid som ho meinte at det ikkje høver å krevja sekstimarsdag akkurat no.