Innestengd kraft i nord

Onsdag 19. januar har Jo Skårderud intervjua Knut Lockert, leiar for Distriktsenergier, ein organisasjon for kraftselskap. Det er jo lett å forstå at kraftprodusentane nord for Dovre er irriterte på at dei ikkje har fått ta del i prisfesten i Sør-Noreg. Men i staden for å seie det rett ut, slepp Lockert unna med å seie at: «Situasjonen er veldig uheldig. På grunn av for tynne kabler er det store innelåste kraftressurser i nord som ikke kan utnyttes eller bidra til å dempe prisene i sør.» Ikkje nok med at krafta er innelåst, den også innestengd.

Debatt