El-rekninga vår med nettleige for november her i Sør-Sverige passerte 6000 kroner. Denne rekninga har fått meg til å bli ein lysesløkkar. Eg slår av lys rundt i huset og regulerer ned termostat, fyller opp oppvaskmaskinen før eg set den i gang, har tatt til orde for at vi må redusere klesvasken og korte ned dusjtidene. Og så har eg tatt til å lure på om eg også bør installere varmepumpe. Solceller på taket er det også tale om. Dersom det held fram på dette viset, må vi kanskje skjere ned på anna forbruk. Det bli kan hende ikkje sydenreise lenger ut på vinteren.