God jordhelse er sentralt for å sikre trygg mat, stoppe tap av biologisk mangfald og løyse klimakrisa.

Me treng ein jordhelselov

OMSORG FOR JORDA: Me har lite dyrka mark i Noreg og må ta vare på det vesle me har, skriv forfattarane. Bilde viser ein bonde på åkeren over Geirangerfjorden, 1969. Foto: Erik Thorberg, NTB Erik Thorberg

Jord er grunnlag for 95 prosent av maten me et, og 25 prosent av biomangfaldet. I tillegg lagrar jord meir karbon enn atmosfæren og alt planteliv til saman. Jord er difor sentralt i å sikre tilgangen til nok og trygg mat, stoppe tap av biologisk mangfald og løyse klimakrisa. Likevel finst det inga lovgiving som beskyttar jordsmonnet på lik linje som vatn, marint miljø og luft.

Kronikk