Aps kamp

Ein kort replikk til Adelheid Seyfarth Gulbrandsen (Klassekampen 30. november): Eg veit du var med i AUF, og du har dine erfaringar, eg har mine. Truleg er det nokre få, men viktige år mellom desse. I mi tid, frå 1984/85 og framover, sette ikkje AUF-arane spørjeteikn ved dei homofile – eller palestinarane – si rettferdige sak. Sjølvsagt kunne det vere unntak, til dømes i ditt Hedmark, utan at eg fanga det opp. I så fall hadde det ikkje vore sjokkerande, gitt Arbeidarpartiet sin natur som breitt folkeparti med den kollektive kulturarven du peikar på. Men det er altså dette eg meiner tener partiet ekstra til ære: at vi likevel var ei progressiv kraft i homokampen, med AUF som forpost. SV har heller ikkje noko å skjemmast over her, for all del. Men det har alltid vore ein annan type parti.

Debatt