«Luchadoras»: Kvinnekamp i og utanfor wrestlingringen.

Slår deg i fjeset

VISER STYRKE: Wrestlarane i filmen «Luchadoras».

Når Oslo blir novembergrå, finst det to ting eg gler meg til: Film frå sør og Oslo World. Begge festivalane sine glitrande program blir liksom små, eskapistiske lommer i årets lengste månad. Ein av filmane som trefte meg hardast på årets Film frå sør, viste seg å vera ein dokumentar om tre meksikanske wrestlarar.