For krast, Sveen!

Karin Sveen minner (13. november) om at det bur og har budd arbeidsfolk på bygda, og ikkje berre bønder. Ho er nådelaus mot det som blir gitt ut som bygdebøker. Desse er ifølge Sveen «i realiteten bondebøker, de forteller jamt over bare om bonden, gården hans, ætta og det staute skyldfolket». Frå innlandet kjenner ho berre to døme på historikarar som har fortalt om underklassen. Den eine er Anna Tranberg, som har skrive boka «Korn og klasseskille» om Ringsaker. Den andre er Odd Stensrud, som har skrive omfattande om historia til Vang.

Debatt