29. aug.
Menn som elskar I den norrøne versjonen av Tristan og Isolde, tilrettelagd for hoffet til Håkon Håkonsson av munken broder Robert i året 1226, står det at dronninga treivst svært godt med å ha to menn. Men ingen av dei hadde ei anna kvinne enn henne. Den hemmelege elskaren greidde ikkje eingong å fullbyrda ekteskapet med den unge jenta som han gifte seg med for syns skuld.
Sånn er det òg i forteljinga om riddarane av det runde bord. Trass i at dronning Guniver har eit konvensjonelt samliv med kong Artur, er riddar Lancelot så einsidig retta mot henne at når han blir narra til sengs med ei anna, reagerer han med eit anfall av sinnssjukdom som varer i fleire år.
Ingen av desse mennene har fått nemneverdig merksemd innan psykologi, filosofi og historie, eller nokon annan stad for den saks skuld. Det har heller ikkje trojanarprinsen Paris, endå det var fordi han var så lidenskapleg forelska i den skjønne Helena, og så likegyldig med korleis det gjekk med alle andre, at Trojakrigen drog ut i ti år.
I den tredje songen i Iliaden blir grekarar og trojanarar einige om å arrangera tvikamp mellom dei to mennene til Helena like utanfor den trojanske bymuren. Ho vonar i sitt stille sinn at Paris skal tapa, for ho er lei av han og lengtar etter det livet ho hadde før.
Solveig Aareskjold