Vi er no inne i veke sju av ein streik som dreier seg om kva pensjonsavtale vi, dei tilsette, skal ha på Det Norske Teatret. I 2016 gjekk vi med på å inngå ein midlertidig avtale om innskotspensjon, for å hjelpe teateret ut av eit økonomisk uføre. Ei utrekning Klassekampen har gjort, viser at teaterets brutto pensjonskostnadar i 2015 var på 18 millionar. I fjor var same sum seks millionar.