Frå starten i 1984 har Cirka Teater med kunstnarparet Gilles Berger og Anne Marit Sæther forundra og gledd teaterpublikum både her i landet og utanlands. Der Gilles Berger lagar magisk scenografi som til og med kan oppheve tyngdekrafta, tryllar Anne Marit Sæthers regi fram poetiske og visuelle forteljingar. Dei har i alle år vore med på å sprenge grenser og har samarbeidd med mange ein ikkje er vande med å sjå i teatersalongane.
«Driv» er ei uvanleg sterk sanseleg oppleving.