Naturforvalting 28. sep.
Alt heng saman Anne Sverdrup-Thygesons artiklar er alltid interessante å lese og inspirerer i alle fall meg til fornuftig forvalting av familiens vesle skogteig, som ligg ved eit vatn delvis omkransa av våtmark.
Det som etter mitt skjønn hadde dei største konsekvensane for naturen hos oss, ikkje minst for fuglelivet, var utbygginga av store bustadfelt i nabokommunen lenger oppe i dalen for nokre år sidan. Store takflatar og omfattande drenering har ført til at det skal mindre til før vassmengdene nedover vassdraget aukar meir enn tidlegare.
Vasstanden varierer dermed både oftare og i mykje større grad enn før. Kapasiteten på elva i andre enden av vatnet har ikkje blitt kalibrert opp for å kompensere for dei nye vassmengdene, for her ligg elva i ein annan kommune og grunneigaren har naturlegvis ikkje hatt inntekter av tomtesal lenger oppe.
Vi som held til i midten, kan berre observere at reira i våtmarksområdet tidvis må bli oversvømt. Alt heng saman med alt.
Stein Johannes Kolnes