Teater Manu er heile landets teiknspråkteater og feirar i år 20-årsjubileum. Gjennom alle desse åra har Mira Zuckermann vore teatersjef. Nå går ho av, og som ein kombinert avskils- og jubileumsframsyning har ho vald seg farsen «Panikk i kulissene» («Noises Off») av den britiske dramatikaren Michael Frayn. Stykket hadde urpremiere i 1982 og har sia vore sett opp verda rundt. Teater Manus versjon er eit nordisk samarbeid og hadde premiere på Trøndelag Teater torsdag, før det skal turnere i Sør-Norge, og så i Sverige og Finland seinare på hausten.
Teater Manu feirar 20-årsjubileum med å setje opp ein særs krevjande farse.