I 70 år har 70 prosent av folket på Nesøya stemt Høgre:

BLÅTT ØYRIKE

FIFF: Nesøya er Høgres sterkaste valkrets i Norge. Øya, som ligg med bruforbindelse i Asker, har villaar i prisklassene frå dyrt til ekstremt dyrt og godt med grøne område. Siv Dolmen

Nesøya er ei roleg, nesten landleg øy ein halvtime utanfor hovudstaden. Her er landets dyraste bustadområde som ikkje ligg i Oslo, og dei siste åra har nokre av dei rikaste i landet bygd seg hus i sjøkanten. Skattelistene for 2020 syner at dei som bur her, har ein formue på 5,2 millionar kroner i snitt. I tv-serien «Exit» ligg husa til tre av hovudkarakterane her, og spesielt delar av øya går for å vere nyrike.