«Den gjerrige» er ein imponerande regidebut utan daudpunkt.

Stor komikk

TUKT: Harpagon (Øyvind Brandtzæg, til høyre) er meir opptatt av medgifta han kan få for dottera Élise (Ida C. Klem) enn kva ho måtte meine om saka. © FOTO: KRISS STEMLAND

Rabarbrateateret er ein sjeldan og litt annleis blome i den norske teaterfloraen. I godt over ti år har dei sett opp friluftsteater i Rabarbraparken på Bakklandet i Trondheim, og etter kvart vunne seg ein solid plass hjå publikum. Tolkingane deira av Shakespeares komediar i nordtrøndersk omsetjing overgår alt eg har sett av lystspel. Det er folkekomedie i ordets rette forstand, og slik har dei gjort Shakespeare til allemannseige i Trondheim.

Kultur