Dei fleste norske parti og miljøorganisasjonar ønsker seg eit «grønt skifte», i form av utbygging av «fornybar» energi. Nokre vil ha dette i staden for olje og gass, andre vil ha begge delar. Nokre vil ha større, andre vil ha mindre forskjell på fattige og rike. Dei fleste held likevel på ønsket om framleis økonomisk vekst. Er det nokon som tar konsekvensen av at menneska lenge har overforbrukt verdas naturressursar, og at Noreg høyrer til dei som har overforbrukt mest?
Det finst ingen grøn, rein eller fornybar energi. Me treng gjennomgripande endringar i samfunnet, ikkje meir nytale.