Usa 8. nov.
Kva synst du sjølv? Ja, så er Synsemeisterskapet 2024 over for denne gongen. USA har valt sin Bølle-president til det dei no får finna ut om dei fortener. No kan våre heimlege synsarar ta ein runde om kva denne uendelege synsinga om presidentvalet i USA var til, denne gongen. Om dei vil kryssa av for informasjon eller underhaldning eller «det å vera på» utan særleg interesse for «til kva nytte» – det veit ikkje eg. Men eg kjende at eg berre måtte slå av då synsinga til slutt blei døgnkontinuerleg.
For oss som gjerne vil forstå noko av det som hender i USA, er det kan henda berre nokre dokumentarar som gav grunnlag for spørsmåla vanlege folk i USA og fattig-USA stiller frå tilværet sitt (Thomas Seltzers sin UXA-serie, til dømes). Kakse-USA, med stemmekjøpande Elon Musk i spissen, har vel ikkje spørsmål til anna enn vegen til meir rikdom og meir makt.
Korleis allehande synsarar har det i dag ved nye års synsemuligheter, det trur eg ikkje eg bryr meg med å vita noko om.
Jarle Tufta