Teater

Barneteater som er frigjerande fritt for fising

LEVANDE: Kari Noregers figurar med Christine Lohres scenografi er ein fulltreffar i «Hvem skal trøste Knøttet?» på Oslo Nye, Trikkestallen. FOTO: LARS OPSTAD 2021 Lars OpstadLEVANDE: Kari Noregers figurar med Christine Lohres scenografi er ein fulltreffar i «Hvem skal trøste Knøttet?» på Oslo Nye, Trikkestallen. FOTO: LARS OPSTAD 2021 Lars Opstad

Hvem skal trøste Knøttet?

Oslo Nye, Trikkestallen, premiere 2. juni 2021

Av: Tove Jansson

Regi: Bård Bjørknes

Scenografi: Christine Lohre

Dokkemakar: Kari Noreger

Lysdesigner: Daniel Kolstad Gimle

Musikk: Frida Ånnevik/ Andreas Stensland Løwe

Dramaturg: Ilene Sørbøe

Inspisient: Ragna Vik

Med: Sarah Christine Sandberg, Knut Wiulsrød, Marianne Edvardsen og Suzanne Paalgar.

Meldt 2. juni 2021

«Hvem skal trøste Knøttet?» av Tove Jansson kom ut i 1960 og vart omsett til norsk av André Bjerke alt same år. Boka har til no vorte sett opp på norske scenar to gongar, fyrst i 1988 av Cirka Teater og så i 1998 av Oslo Nye Teater. I år, 23 år etter, set dei den opp på ny. Som mange andre, treff eg Tove Jansson sine figurar dagleg gjennom mummikoppane som står på mangt eit norsk frukostbord. Mummiane har eigenskapar som vi alle kan identifisere oss med og som spenner frå rampetrollet Stinky til den myndige My. Blant desse figurane finn vi også mindre sympatiske eigenskapar som med feigingen Sniff og den overflatiske Filifjonka. Andre figurar er berre mystiske, som dei elektriske Hattifnattane og vandringsmannen Mumriken. Men ingen figurar frå min barndoms Mummidal skremte meg grundigare enn Hufsa. Det var noko med dei apatiske tennene og kulden som breidde seg i dalen allereie før ho dukka opp, som fekk meg til å gyse.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Teater

Teater

Spelet om Heilag Olav

Allereie på 1960-talet meinte arrangørane på Stiklestad at manuset til «Spelet om Heilag Olav» var for dårleg. Er det ikkje på høg tid å gjere noko med det?

Teater

Komedien om mestak

«Komedien om mestak» er neppe blant Shakespeares beste, men i lokal og fargerik språkdrakt greier Rabarbra­teateret likevel å skape stor underhaldning.

Teater

STREIK!

«Streik!» er eit underhaldande musikkspel som på velspela vis dokumenterer Folldalsstreiken, ein av landets mest langvarige arbeidskonfliktar.