Kronikk

Eit vegkart for nullutslepp

Det er utviklinga av ny energiteknologi som vil gjere nye oljefelt ulønsamt, ikkje stans i oljeutvinninga.

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS

Den 18. mai offentleggjorde Det internasjonale energibyrået (IEA) ein fyldig rapport om kva som må til for at verda skal nå målet om nullutslepp av klimagassar i 2050 og å halde den globale oppvarminga innfor 1,5 grader. Rapporten har fått stor merksemd, først og fremst fordi den peikar på at det ikkje er plass for opning av nye oljefelt (og heller ikkje oppstart av nye kolkraftverk). Dette er ikkje så oppsiktsvekkande som mange i den aktuelle debatten vil ha det til. I debatten får vi nesten inntrykk av at det er slutt på oljeutvinninga som er nøkkelen til å nå 1,5 gradersmålet. Men slutt på opning av nye oljefelt og nye kolkraftverk er berre eitt ledd i ein omfattande strategi – det rapporten kallar «Eit vegkart for den globale energisektoren» («A Roadmap for the Global Energy Sector»). Dei andre delane i denne strategien må også på plass dersom målet skal nåast. Dette har fått langt mindre merksemd.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kronikk

Alle snakker om guttene – men hva med jentene som faller utenfor?

Selv om første runde med grønn indu­stri­satsing gikk skeis, er behovet for omstilling større enn noen gang. Norge må ta grep om utvik­lingen.

Vi har bygget velferds­tje­nester som er avhengige av et fungerende bolig­marked. Når markedet svikter, svekkes også velferden.