Å omgå sanninga kan vera ein måte å lyga på. Eit døme: Utanriksminister Søreide fordømde utskytinga av rakettar frå Gaza, men ytra ikkje eit fordømande ord om staten Israel si halvthundreårlange, folkerettstidige forvising og undertrykking av det palestinske folket, og heller ikkje dei dagsaktuelle utløysande overgrepa i Aust-Jerusalem.