Kva ligg i eit namn?

Snobbe­fak­toren

DEMOKRATAR: … men namnelista syner tradisjonen med namnesnobberi, skriv Lomheim.

To dagar etter nasjonaldagen granskar me Eidsvoll-namna. Wergeland er bra start, faren, Nicolai og prest, var der. Familien kom frå Bergen, men namnet (som seg hør og bør) er frå Sogn. På sørsida av fjorden, vest for Høyanger, ligg Verkland. Fint gardsnamn, ‘verk’ er arbeid (jamfør ‘work’ på engelsk), og ‘land’ er mark. Dei som drog til Bergen, var kjappe med å ‘danska’ det til Wergeland.

Meninger