NHO og LO einige om ein lønnsvekst under prisveksten:

Unio krev meir

KLAR: Mens LO, YS og NHO er ferdige, gjer leiar for Unio-forbundet Norsk sjukepleiarforbund Lill Sverresdatter Larsen seg klar for lønnsforhandlingar.FOTO: HANNE MARIE LENTH SOLBØ Hanne Marie Lenth Solbø

SEMJE: Tretten timar på overtid er lønnsoppgjeret i privat sektor i hamn. Norsk sjukepleiarforbund varslar at dei vil ha meir i år enn det LO, YS og NHO blei samde om.

Dei stod langt frå kvarandre då meklinga begynte, LO, YS og NHO. Med eit anslag om ein prisvekst på 2,8 år neste år, hadde både LO og YS gjort krav på nettopp 2,8 prosent. Det ville ha sikra kjøpekrafta. Mens NHO ikkje hadde meir å gi enn 2,2 prosent.