Avgjerda om bombinga av Libya gjekk gjennom Den utvida utanriks- og forsvarskomité (DUUFK). I haust kunne ein lese i Aftenposten om spenningar innanfor DUUFK, då representant Moxnes kommenterte ein allment kjent lekkasje om USA-spionasje av Noreg. At saka skulle handsamast i DUUFK var kommunisert gjennom fleirfaldige pressemeldingar. Moxnes gjentok sine eigne utspel frå møtet til avisa Klassekampen. Representant Tetzschner (H) gjekk til Aftenposten og skulda Moxnes for å ha brote tausheitsplikta si. Han omtala Moxnes som ein «oppslagsprofitør». Harberg-utvalet leverte 1. februar ein større rapport, der ein også behandla tausheitsplikta i DUUFK. Dei skriv: