Kven er vanlege folk?

Mange i vårt parti snakkar om at no er det vanlege folk sin tur. Utan mørke finst ikkje lys, vert det sagt, og då tenkjer eg at utan uvanlege folk finst ikkje vanlege folk. Men er eg per definisjon vanleg eller uvanleg? Er permittert vanleg? Er det å ha stor formue grunn til å bli definert som uvanleg? Betyr det at folk med middels inntekt og nedover er vanlege? Singel? Er alle som har meir eller mindre enn snittet på 1,53 barn uvanlege?

Debatt