Bindestreken skal binda saman, slik han gjer det i p-pillen og pc-en. Og me treng han for å unngå lesestans. ‘Hovedriter’ hadde hatt godt av ein bindestrek, sidan saka handla om ‘hoved-riter’. Difor har me to reglar. Regel ein gjeld ord som skal ha bindestrek: A4-ark, EU-motstandar, Oslo-kvinne, e-post, e-helse, gå-sakte-aksjon, tur-retur, raud-grøn, Fritt ord-sjef. Og gode danskar skriv frydefullt el-skov om ein skog av master.
Ein korrekt tekst er alltid lettare å lesa enn ein ukorrekt tekst. Alltid.