Blendverk: Lukas Rotevatn skriv fram ei dunkel verd i månelys – eller i gjenskinet frå mobilen?

Mellom tanke og draum

RØYNDA: Lukas Rotevatn si debutsamling handterer motiva fint – men er noko vag. FOTO: HEIDI FURRE

Med sine 56 luftige sider, og grå, dempa estetikk verkar Lukas Rotevatn si debutsamling, «Det høres alltid ut som om det regner når jeg er med deg», som den rette boka å plukke fram på ein gjennomsnittleg mandagskveld. Komposisjonen i boka gir eit gjennomført inntrykk, både med tanke på oppsett og motivkrins. Dikta har mange sentrallyriske storleikar, som natt og draum, hav og død – og éin litt mindre klassisk: teknologi. Sistnemnde er det eg synest er mest interessant, fordi det er med å på gje dei tradisjonelle storleikane i dikta ein ny vri.

Bokmagasinet