Ulike syn – eller ulike måtar å argumentere for sitt syn
DebattKlimasøksmåletSilje Aambø Langvatn, postdoktor i politisk filosofi ved Universitetet i Bergen og Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo
Nokre har tolka slutten av vår kronikk i Klassekampen den 17. november som at vi meiner at ei eventuell ny regjering med MDG og SV ikkje kan eller bør behalde regjeringsadvokaten. Men det er nettopp ei slik utvikling vi åtvarar mot.