Kontrolleringa i USA (som knapt er ‘united’) gjorde det nødvendig for media å stadig bruka verba telle/telja. Korleis skal dei bøyast? På nynorsk valdar verbet lite problem: telja – tel – talde – talt. Bokmålsjournalistane har det verre; skulle dei seia ‘telte’, ‘talte’ eller ’tellet’? Faktisk er alt korrekt. Men telte – har telt og talte – har talt må reknast som moderne bokmål, tellet er konservativt. Samstundes er det slik at talte – har talt både på bokmål og nynorsk er korrekte former av tale/tala! På nynorsk er dessutan tala – har tala rett. (Å rapportera om talane måtte jo òg gjerast.) Ei slags trøyst for alle som synst verba våre ikkje gjer det lett å vera språkbrukar, er at verba er dei vanskelegaste orda i norsk å halda styr på. Men synd er det, sidan verba fungerer som språklege nav, dei er viktigare enn substantiva. Lite å undrast over er det at verbum på latin ikkje tyder gjerningsord, men rett og slett ord. Det levande ordet.
Trump har både talt og tala – så det heldt. No går me over til andre ting.