Karsten Aase-Nilsen er skribenten som nyleg fylte to avissider med friske påstandar om innhaldet i ei bok han ikkje hadde lese. I eit nytt innlegg den 20. oktober røper han kva ærend han eigentleg var ute i, og set dermed punktum for vidare ordskifte oss imellom. Det er liten grunn til å diskutera med ein motpart som ope vedgår at han primært ikkje er interessert i sak, men i person. Medan mine personlege eigenskapar er ganske uvesentlege, er saka derimot eit hovudkapittel i Susan Neimans «Learning From the Germans», som opnar med den forkjetra tesen: «Aust-Tyskland gjorde ein betre innsats for å arbeida seg ut av nazifortida enn Vest-Tyskland.» Aase-Nilsen får seg til å kalla dette «et utsagn med uklar betydning uten spesfisering.» I boka vil han sjå at Neiman brukar 50 – femti – sider på nettopp å spesifisera og drøfta den same utsegna, før ho etter mange samtalar, sjølvstendige undersøkingar og refleksjonar summerer opp kapittelet slik, i mi omsetting:

For å gjenta: å vera på den rette sida av historia på eitt tidspunkt er ingen garanti for at du vil vera på den rette sida av historia ved eit anna høve. DDR hadde periodar med den stalinismen som er døden for verkeleg sosialisme. Løgnene var mange og liv vart øydelagde. Men det var tidspunkt då dei var på den rette sida av historia. Å gløyma det er å forfalska ikkje berre historie men også politikk og moral. For dette minnetapet er ein måte å eksternalisera og demonisera vondskap på – den sikraste måten å foreviga misgjerningar inn i framtida.