Fylkesmann og fylkeskvinne må vera greitt. Det pompøse er ikkje norsk.

Ja takk, begge delar

UN PRÉSIDENT: Emmanuel Macron, ein mannleg president.

Moderniseringsminister Nikolai Astrup har bestemt at frå nyttår er det ut med fylkesmannen – både med stor og liten bokstav. Me skal ha kjønnsnøytrale titlar i staten, ikkje kjønnsmarkerte titlar! Har ministeren gløymt at gjennom likestillingspolitikken har me etablert talskvinne og talsmann, politikvinne og politimann, vitskapskvinne og vitskapsmann? Attåt kjønnsnøytrale nemningar som leiar, lærar, skodespelar, sjukepleiar, pianist.

Meninger